Unio-leiaren sin replikk: Press på tariffen

Nyleg fekk vi tal som viser at toppleiarar i staten har hatt ein lønnsvekst i 2019 som ligg langt over lønnsveksten for arbeidslivet elles. Frå før har vi sett at leiarar i store verksemder med statleg eigarskap har hatt solid lønnsvekst på toppen av eit formidabelt lønnsnivå. Det er opplagt at dette er tal som skaper eit ekstra press på dei komande tariffoppgjera.

I år er det hovudoppgjer. Dermed er alle delar av tariffavtalane på bordet. Det handlar om pengar, men også om rettar og plikter. Og som vanleg krev arbeidsgjevarar og styresmakter moderasjon. Ofte høyrer vi også at leiarar, ikkje minst i offentleg sektor, leverer sterke moderasjonskrav. Men altså ikkje alltid for seg sjølve.

I år må dei statlege toppleiarane stille seg bak i køen. I år er det lønnstakarane sin tur! I fleire år har reallønnsveksten vore svak, svært svak. I år må reallønnsveksten opp. Skikkeleg opp!

Kunnskap må settast i front. Ikkje berre gjennom politiske proklamasjonar. Kunnskap må i front også i tariffoppgjera. I offentleg sektor er det heilt avgjerande for rekrutteringa til kunnskapsyrka. Utdanning, forsking og kompetanse er viktig, ikkje berre i offentleg sektor, men for verdiskaping og jobbskaping i heile samfunnet.

Offentleg sektor betaler likevel altfor dårleg for høgre utdanning og kompetanse. Gapet til grupper i næringslivet med tilsvarande utdanningsnivå er framleis svært stort. Gjennomsnittslønna for industrifunksjonærar er 750 000 kroner, meir enn 150 000 over snittet i offentleg sektor.

Samtidig er det delar av privat sektor som er utsett både for sosial dumping og lønnspress nedover. Kampen mot sosial dumping må intensiverast både til lands og til sjøs. Det er uakseptabelt at norske sjøfolk i aukande grad blir pressa ut av yrka sine og erstatta av billeg utanlandsk arbeidskraft. Unio krev at norske lønns- og arbeidsvilkår skal gjelde i norske farvatn og på norsk sokkel.

Det må skapast nye jobbar for at fleire skal kome i arbeid. Jobbveksten må vere grøn og berekraftig. Utdanning, forsking og kompetanse står også heilt sentralt i marsjen mot eit samfunn som kan meistre miljø- og klimaproblema på ein meir offensiv måte. Særleg viktig er det at arbeidslivet blir ei drivkraft for eit meir berekraftig samfunn. Difor må vi starte diskusjonen om korleis tariffoppgjera kan innrettast mot ein grønare lønnsvekst.

Samstundes er det mangel på kompetent arbeidskraft, særleg i offentleg sektor. Rekrutteringsutfordringane er store mellom anna innan helsesektoren og i utdanningssektoren. Mangel på store yrkesgrupper som sjukepleiarar og lærarar er eit trugsmål mot både velferdssamfunnet i stort og mot tenestekvaliteten. Dette kan ramme både fellesskapet og enkeltmennesket.

Tariffoppgjera er kanskje den viktigaste arenaen for å styrke rekrutteringa og sikre at folk vil arbeide i viktige yrke i velferdssamfunnet. Dette ansvaret må partane ta. Det er opplagt at arbeidsgjevarane har det største ansvaret.

Og det kan ta dei ta mellom anna ved å betale betre for utdanning, kompetanse, ansvar og risiko – både på kort og lang sikt! Men eitt spørsmål går også til oss sjølve: Korleis kan vi få til at lønnsveksten i framtida blir meir grønfarga?




 

Akademikerforbundet
Tollbugata 35
0157 Oslo
Tlf.: +47 21 02 33 64
Web-redaktør: Astrid T. Sørland
post@akademikerforbundet.no

Utviklet av Imaker as