Eit nasjonalt varslingsombod vil lønne seg

Eit nasjonalt varslingsombod vil hjelpe både arbeidstakarar og arbeidsgivarar med å førebyggje og handtere krevjande varslingssaker, og vil spare samfunnet for store kostnader og belastningar. I høyringssvaret til NOU 2018:6, Varsling – verdiar og vern, argumenterer Unio difor sterkt for å opprette eit varslingsombod.

– I Noreg har vi mellom 50 000 og 160 000 varsel kvart år. Mellom 18 000 og 60 000 av dei blir tekne til følgje. Det fortel oss at varslarar er avgjerande for at lovbrot, korrupsjon og andre uakseptable forhold skal bli avdekte, seier Unio-leiar Ragnhild Lied i ein kommentar.

Ifølgje ein fersk kunnskapsrapport som Oslo Economics har utarbeidd, sparer varslarar samfunnet for opptil 12 milliardar kroner årleg ved å avdekkje kriminelle økonomiske forhold, førebyggje skadar og ulykker, hindre fråvær og skape eit betre og tryggare arbeidsmiljø. Men nokon må betale prisen: den som varslar.
– Om lag 50 prosent av norske arbeidstakarar vel å ikkje varsle om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen. Bakgrunnen for det er at veldig mange – cirka 25 prosent – av dei som varslar, opplever negative reaksjonar eller sanksjonar når dei varslar. Svært mange varslarar seier opp jobben eller blir sjukmelde, mens arbeidsmiljøet i verksemda blir øydelagt og dei andre tilsette blir påverka negativt. Vi meiner eit varslingsombod kunne ha forhindra mange uheldige situasjonar, understrekar Ragnhild Lied.

Unio foreslo alt i 2016 at det blir etablert eit nasjonalt varslingsombod som kan hjelpe både arbeidsgivarar og arbeidstakarar i varslingssaker.
– Unio meiner at eit eige varslingsombod vil gi eit tydeleg signal om at varsling er viktig, og at vern av varslarar skal prioriterast. Det kan òg gjere det enklare å finne fram for dei som vurderer å varsle, seier Unio-leiaren.

– Både arbeidsgivarar og arbeidstakarar er tente med at varslingssaker blir handterte på eit tidleg stadium. Då kan ein unngå både menneskeleg og økonomisk tap. No er det opp til politikarane å handle, og forhåpentlegvis ser dei at tida er moden. For ikkje å seie overmoden, legg ho til.

Unio meiner at eit nasjonalt varslingsombod

  • kan førebyggje og handtere krevjande varslingssaker
  • kan gi råd, støtte og hjelp til 2,8 millionar arbeidstakarar
  • kan tryggje meir enn 100 000 arbeidsgivarar
  • kan spare samfunnet for opptil 12 milliardar kroner årleg
  • kan vere av stor verdi for samfunnet og «den norske modellen»

 
Les Unios høringssvar her.




 

Akademikerforbundet
Tollbugata 35
0157 Oslo
Tlf.: +47 21 02 33 64
Web-redaktør: Astrid T. Sørland
post@akademikerforbundet.no

Utviklet av Imaker as