Difor er Unio i streik

Unio-leiaren sin replikk:

Unio streikar for at utdanning skal lønne seg betre i staten. Etter årevis med ein felles avtale bestemte Unio seg i 2022 for å prøve eit alternativ. Lønnstapet for dei med høgare utdanning måtte stoppast, og skal stoppast. Den nye avtalen var og er eit verkemiddel for å få meir kontroll over eigen lønnsmasse. Lønnsnivået og lønnsutviklinga må bli betre. Staten og regjeringa har motarbeidd dette. Difor er Unio i streik.    

Vi ser at regjeringa og LO sitt propagandamaskineri arbeider på høgtrykk. Til og med tenketanken Agenda er mobilisert. Desinformasjonen og flosklane florerer. Hovudbodskapen er at Unio er usolidariske, og arbeider for større skilnader mellom folk. Eg må minne om at Unio i 2022 inngjekk denne avtalen med staten og den noverande raudgrøne regjeringa! Staten var altså part i den avtalen den same regjeringa og LO no dømmer nord og ned for å vere usolidarisk.

Statsråden viser til at statlege leiarar mislikar at det er to avtalar. Men statsråden hoppar over at det er Unio-avtalen leiarane helst vil ha.

LO og regjeringa har seg sjølv å takke for at Unio braut ut. Dei har lenge gått imot å prioritere dei med høgare utdanning og Unios medlemmer i staten. Det trur eg dei no innser. Difor trappar dei opp retorikken, og snakkar om lik lønn for likt arbeid. Det er mogeleg at det er lik lønn for dei som arbeider i LO og Agenda. Men det er på tide at statsråden, viss ho har tid då, presiserer kva dette inneber. Også i lys av statens «tilbod» er at 75 prosent av lønnsmidlane skal forhandlast om lokalt.

LO er ikkje lenger den største organisasjonen i det statlege tariffområdet. Det er færre tilsette bak LO/YS-avtalen enn bak Unio/Akademiker-avtalen. Dette er ein ny situasjon. Eg kan til og med forstå at det er krevjande både i lys av tradisjonen og i lys av den tapte posisjonen. Det har lenge vore tydeleg at LO og AP-alliansen gjerne vil gjenreise den tapte makta. Vegen til dette er reversering – ein felles avtale for alle.

Det er ille nok at regjeringa og LO har politisert tariffoppgjeret i staten om ikkje også andre parti skal blande seg inn. Politikarane må gjerne vise korleis dei vil forvalte ansvaret for dei tilsette i offentleg sektor. Men stortingspolitikarar skal ikkje blande seg direkte inn i pågåande forhandlingar eller konfliktar.

Det er staten og regjeringa som har ansvaret for å handtere denne konflikten. Dei veit kvifor Unio er i streik. Difor veit dei også kva som skal til for å løyse denne konflikten.




 

Akademikerforbundet
Tollbugata 35
0157 Oslo
Tlf.: +47 21 02 33 64
Web-redaktør: Astrid T. Sørland
post@akademikerforbundet.no

Utviklet av Imaker as